index

Bacalao frå Lofoten

Sjømat
Norsk
1 - 2 timer

Dette er oppskriften på Tradisjonell fiskegryte med boknafisk frå Skrova til Berte Rommetveit fra serien Celebert Selskap. Serien ble sendt på TV3 i 2010.

1. Dekk botnen av ei stor gryte med litt olivenolje

2. Legg eit lag med poteter og løk, så eit lag med fisk. Strø over litt salt.

3. Ha i litt kvitløk, litt oliven, litt soltørka tomater og litt grovhakka tomater

4. Gjenta dette til du har brukt opp ingrediensane, 2 eller 3 lag pleier å vera nok.

5. Ha til slutt i resten av olivenolja (den skal ikkje dekke alle ingrediensane, men gå eit godt stykke opp i gryta).

6. Legg på lokk, sett på svak varme. Trykk litt i gryta undervegs slik at olja og krafta kjem opp over ingrediensane. La koke på svak varme til potetene er ferdig (ca 45 minutt). Smak til med cayennepepper/chilipulver til slutt.

7. Server med flatbrød og smør.

 

Kan med fordel nytast med ein god portugisisk rødvin. I Lofoten er øl og akevitt hyppig brukt.

Ingredienser

Beregnet for 4 voksne og 0 barn.

Lag denne oppskriften for

6-8 dl god olivenolje
800-1000 g. Boknafisk skoren i ca. 2 cm tjukke bitar (fisken skal ligga i vatn i 2-3 timer før bruk)
8-10 poteter i skiver (ca 1 cm. tjukke)
4-5 løk, grovhakka
2 raud chili, finhakka utan frø
8 fedd kvitløk, nokon finhakka og nokon grovhakka
2 bokser hermetiske tomater
1 glass tomatpuré
2 glass svarte oliven
1 brett soltørka tomater, grovhakka
Cayennepepper eller chilipulver
Ca. 3 ss salt